fredag 4. januar 2013

Kultur og kultur - frå glasur til gjær.


Det er ein god start på året når viktige spørsmål om kultur kjem på agendaen, iallfall for ein sosialantropolog. Spørsmåla utleier vi frå ein debatt der folk snakkar forbi kvarandre, og anten snakkar om kultur som «kunst- og kulturuttrykk» - eller kultur som «det som gjer oss norske». Det betyr ikkje at vi ikkje kan binde saman desse to omgrepa.

Det første spørsmålet, stilt først av Christian Tybring Gjedde, og så av Jon Hustad, er om ikkje kulturministeren har en plan for å passe på "det som gjer oss norske". Det er interessant, for vi vil verne delar av dette, som tillit, respekt, og til og med naivitet – samstundes som at vi vil vere framoverlente og bidra til nyskaping og endring, for berre slik har kulturen vår rett til liv.

Det andre spørsmålet ligg eigentleg under utan at nokon har tatt tak i det: kva er eigentleg samanhengen mellom kultur, slik som i «kunst- og kulturuttrykk» og kultur som det «eitt eller anna» som gjer at det går så bra med oss. Så lenge Hadia Tajik har svart med å forsvare budsjettet sitt, er det vel verdt å fundere på. Men først må vi ta tematikken om kulturen er fast eller foranderleg. Så kan vi ta for oss korleis vi kan sikre god utvikling av kulturen gjennom kulturuttrykk. 


Vi er ikkje bundne på hender og føter av kulturen vår, slik Hustad bruker Fredrik Barth til å argumentere for. Kulturen vert viktig for oss i møte med andre, og det er og ein måte å vere kreativ på. Når Barth skriv om at einskildmenneske kan «lure seg unna eller bruke kulturen til egen fordel» så skriv han og om det kreative potensialet i at folk finn løysingar som ingen har funne på enno. Ofte gjerast det av framande, som ikkje ser dei grensene for moralsk oppførsel som dei innfødde gjer. Dette gjeld for korrupsjon, som vi ikkje vil ha, men og for nyskaping som vi gjerne vil ha. Ser ein etter kven det er som tek nye grep i distriktene, er eg viss på at ein finn at mange av dei ikkje kjem frå same bygda som dei arbeider i. Det er mykje lettare når ein ikkje kjenner alle uskrevne reglar, eller for den del – vert møtt av motstand som «eg veit kva for ein han er, eg kjenner far hass».

Meir enn at vi skal vere mot korrupsjon (som vi allereie har lovverk for), trur eg at dette burde gi ein korreks på politikken vår om entreprenørskap. For på same måte som at vi ikkje skal tolerere korrupsjon, så må vi vere klar over at den typen entreprenørskap som gjev økonomisk vekst og har moralske sider.

Korleis skal vi få fram både ein diskusjon om verdiar, og dei eigenskapane som vi vil at norske borgarar skal ha? Kreative, men på rett side av loven, om du vil?

Her vil det viktigaste vere å satse på kulturaktivitetar. Her har kulturfeltet sjølv vore engstelege. I frykta for at kunst og kultur skal verte eit einfaldig instrument for resten av samfunnet har ein argumentert alt på at kunst og kultur er viktig for sin eigen del. Det er det. Men det er og viktig å spørje – kva er kulturen til for? Kvifor finst kulturuttrykk i alle kulturar? Det er fordi kulturuttrykk bygger kultur.

I ein antropologisk definisjon av kunst seier Ellen Dissanayake at kunst er å gjere noko spesielt – det innbyr til refleksjon. Å gjere ting spesielt skjer på to måtar. Det eine er prosessen med å skape kulturuttrykk, der det å gjere noko som ikkje er direkte produktivt set ein i stemning for å få tenkt. Gjennom å gjere noko nytt, gjennom å øve på noko vi ikkje kan enno, tenkjer vi annleis enn når vi gjer dei vanlege jobbane våre.

Den andre måten å gjere ting spesielt på, er ved å avgjere at noko er kunst. For eksempel, om ein kunstnar vel å setje inn eit pissoar på eit kunstgalleri har han sagt at han har vurdert verket til å vere kunst, men så må faktisk vi som er til stades gjere det same. Dermed kan noko som er kunst for ein, ikkje vere det for ein annan ein, for her er det verkeleg «in the eye of the beholder» som bestemmer kva som er kunst og ikkje. Og når ein bestemmer seg for at noko er kunst, kommuniserer kultur det på ein sanseleg måte, det treff oss. På ein heilt anna måte enn tal og logisk tekst.

Ved at kulturen alltid er flertydig, og alltid har rom for å tolke annleis, og tolke nytt, kan det både overtyde oss om at noko er rett, men det kan og inspirere oss til å tenke annleis. Eit tal eller eit rasjonelt argument om kvifor ein skal velje norske vanar vil aldri treffe oss på same måten som eit kulturuttrykk som fortel oss kva vi skal føle, gjerne gjennom gjentaking og repetisjon. Filosofen Kjell S. Johannessen meiner endatil at det å bedømme noko som kunst har sin motpart i å bedømme kompliserte og nye problemer i arbeidslivet. Så ein kan godt verte ein betre arbeidstakar ved å utsette seg sjølv for eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk.   
Det viktigaste med kulturuttrykk er altså at det oppfordrer til deltaking – både i skapinga av det, og ved at ein trener seg på å bedømme dei.

Så kva skal vi da støtte gjennom politiske verkemiddel? Noko gammalt, for å forankre oss i historia, og noko nytt for å støtte utvikling. Det er vanskeleg, for ikkje å seie umulig, å talfeste kulturutvikling. Men det er nettopp det som er spennande, bokstaveleg tala. Vi skal halde oss i dette spennet mellom nytt og gamalt, vi må gjere så mykje av det som mogleg, og vi må snakke saman om det. At kulturen både er fast og i forandring er den type fleirtydighet må trene oss på å handtere.

Kultur er ikkje glasuren på toppen av bakverket. Han er ikkje valfri. Kulturen er gjæret som får alt til å heve seg. 

xx
8.1 Oppdatert med bilde frå vg.no som la ut innlegget på si side. 

5 kommentarer:

  1. Bra blogg, Kristianne!

    Det er Magne fra VG her, nå har jeg anbefalt innlegget ditt på forsiden av VG slik at flere kan få gleden av det.

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea _a_ vg.no

    :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk - det var en hyggelig overraskelse!

      Slett
  2. Det “norskeste” jeg vet om er juletorsk og nødjulefiskepudding med kokte gulerøtter og skotsk haggis, hvos opphav likså meget kan være norsk som skotsk, den lokale skotske bakerens søte og veldig mørke grovbrød som sjømenn hadde som proviant på havet fordi de hadde en svært lang oppbevaringstid før fryser ble vanlig på båtene.

    Polakker og tyskere har julekarpe, og den skal være så fersk, at de lar karpen svømme rundt i et fylt badekar.

    SvarSlett
  3. "Så kva skal vi da støtte gjennom politiske verkemiddel? Noko gammalt, for å forankre oss i historia, og noko nytt for å støtte utvikling. Det er vanskeleg, for ikkje å seie umulig, å talfeste kulturutvikling."

    Neida, det går faktisk meget godt an å tallfeste kulturutvikling.

    Hvis man f.eks. mener at det er et kulturelt fremskritt at foreldre ikke slår sine barn, at menn ikke slår sine koner, eller at jenter ikke blir tvangsgiftet ved 14-års alder, da vil statistikk fra domstoler og krisesentre antyde om den kulturelle utviklingen går i den retning man ønsker seg.

    Gjør den ikke det, kan man bruke politiske virkemiddel for å styre den kulturelle utviklingen i ønsket retning. I slike tilfeller er det jo også innlysende at man ikke bruk for "Noko gammalt, for å forankre oss i historia". Kun "noko nytt for å støtte utvikling".

    SvarSlett
    Svar
    1. Joda, du har heilt rett - det finst mange ting vi kan telje. Alt det du nemner er gode indikasjonar på ting vi vil ha mindre av.

      Og samstundes er det ikkje slik at vi veit kva for politiske verkemiddel vi skal bruke. Mellom anna syns vi at likestilling er utrolig viktig, og har brukt mykje tid i skolen for å ende opp med ein av dei mest kjønnsdelte arbeidsmarknadene i dei vestlege landa.

      Så akkurat kva og korleis vi får til den utviklinga vi vil ha, det er framleis vanskeleg å talfeste - sjølv om resultata av kultur lar seg talfeste.

      Og eg held på at det er viktig å kunne noko om historia, vi vert ikkje fødd i eit vakum, og treng fotfeste i det som har vore.

      Du meiner kan hende at dette ikkje er staten si oppgåve? Den felles identiteten er eit viktig prosjekt for staten, for eksempel har aldri arkeologane fått så mykje pengar til utgraving som rundt frigjeringa i 1905. Då vart byrgskapen over vikingtida skapt som ei viktig forankring for nordmenn, mytene vart fora med kunnskap som kunne skilje oss frå både danskar og svenskar.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...