torsdag 2. februar 2012

Kan ein prokrastinere betre?

Å prokrastinere betyr å utsette noko til i morgon på ein aktiv måte. (Sjå her har eg skrive om det før - http://avvik.blogspot.com/2011/10/prokrastinering-utsette-noe-sa-aktivt.html)

Det finst folk som meiner at det er mogleg å strukturere prokrastineringa slik at ein får gjort noko ein uansett skal når ein skal utsette noko.  (http://www.structuredprocrastination.com/) John Perry er mannen bak denne sida, som er god å prokrastinere til, men eg synst at filosofen tek litt lett på det.

Svaret på spørsmålet i overskrifta er berre eit delvis ja for min del. Delvis av di ein då treng eit syn på framdrift og verdiskaping som er komplekst: Produktivitet er ikkje lineært i kreativt arbeid. Prøving og feiling er viktigare enn nitid planlegging, ein vert betre di fleire gongar ein feiler. Men prokrastinering vil alltid vere tvitydig. Eg kan til dømes prøve å overtyde meg sjølv om at skrivetrening er viktig uansett kva eg skriv om, men samstundes så veit eg jo at eg har meir fornuftige blogginnlegg (som og er prokrastinering) på lager. 


Eg er ikkje ueinig i om det fungerer for filosoften som skriv den bloggen, men det er iallfall ikkje slik det fungerer for meg. Prokrastineringa mi dreier seg stort sett om å gjere ting der verdien er frå tvitydig til minimal: om eg les ei avis eller sjonglerer er det like lite produktivt. Men å sjonglere er meir meditativt, så når eg kjem på det gjer eg det i staden – sjølv om eg aldri kjem til å sjonglere offentleg. Det er ikkje produktivt, men det kan gi naudsynt modning slik at eg plutseleg har ein ferdig setning eller to i hovudet: det hender ikkje ofte dersom eg prokrastinerer med å lese nyhende. Minimalt relevant faglitteratur kan derimot gje litt fart i sakene.

Eller sjølvhjelp-bøkene. Eg elskar sjølvhjelpsbøker om effektivitet og arbeid, sjølv om eg ikkje har trua på at dei får meg til å forandre noko som helst. Den verda dei skildrar verkar så enkel og overkommeleg, nett som dei inspirasjonsforedraga eg skriv om elles. Det er nok noko av det som er så tiltalande, det er som fiksjon om ei verd som ordnar seg.

I går leste eg i «How to write your journal article in 12 weeks» at dei fleste dårlige erfaringar studentar har med skriving er knytt til «ikkje-skriving» og dei gode erfaringane er knytt til «skriving». Dette er eg heilt einig i, men berre av di eg har eigne erfaringar om det. Men eg definerer nok ikkje-skriving som noko anna enn forfattaren. Ein av dei største oppdagingane eg har gjort med skriving er at det er to måtar å skrive på. Ein for å lære seg sjølv, og ein for å lære bort noko. Før ein er klar til å lære bort, må ein lære seg sjølv, og det gjer ein gjerne, men ikkje alltid ved å skrive. Når ein skriv for å lære sjølv ser det rotete ut, det er ikkje klårt for andre, og det skal ikkje vere det heller.

Når eg oppdaga det, slutta den blinkande streken øvst oppe i høgre hjørne vere så dømmande. Han sa ikkje lenger: du er så dum, du får ikkje til å skrive noko. Og når han blinka to cm ned på arket slutta han å seie at den setninga her kjem ingen til å forstå. No seier han: dette må du skrive meir om og så kan du ta den første setninga på nytt. Og den andre.

Det andre viktige eg oppdaga var at når ein driv og lærer seg sjølv noko treng ein ikkje alltid å skrive for å gjere det. Ein kan like godt teikne, snakke – eller av og til sjonglere, for å gjere det same. Ikkje-skriving for meg er altså ikkje likt med å ikkje skrive, det er berre når ein gjer andre ting som ikkje hjelper ein til å skrive i det heile. Som fjesbok og nyhende og andre nettsider som ikkje er relevante. For meg er dette ikkje-skriving og prokrastinering som aldri fører noko godt med seg. Det fører meg iallfall ikkje inn i skrivemodus. Det å skrive, derimot, kan gjere akkurat det. Og gjer det det, så er prokrastineringa verdt det. Gjer det det ikkje, må eg gjere noko anna. Denne teksten er til dømes prokrastinert for å skrive om kompleks endring. Takk for at du var med på min indre terapi. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...